Skip to main content

Arrangementer

Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

NRK Ekko – live på Drammen podcastfestival!

9. november, 2023 @ 19:00

NRK Ekko live på Drammen podcastfestival!

Kva om vi hadde slutta å bli forelska?

Bli med når NRK sitt populære samfunnsmagasin, Ekko, drar med seg gjestane ut av studio og inn på Drammen Bibliotek.

Denne torsdagen skal vi utforske to ganske utenkelege og usannsynlege scenario i ein slags kontrafaktisk tankeleik.

For kva viss det ikkje var lov å kjøpe nye kle?
Vi har ikkje ferskvatn og olje nok til å produsere verken bomull eller syntetiske materialar for at folk skal fylle klesskapa sine med plagg dei ikkje brukar. No må vi bruke det vi har, til det blir tomt. Korleis hadde vi sett ut då? Og kva ville det gjort med oss?

Og kva ville skjedd om vi slutta å bli forelska?
Kanskje årevis med forureining og ultraprosessert mat har gjort at hjernen vår rett og slett ikkje klarer å produsere den kjemiske dynamitten som ei forelsking er. Kva slags kraft i livet er det vi hadde mista då? Og korleis ville vi organisert liva våre?

Sexolog og drammensjenta Iselin Guttormsen, komiker Hani Hussein og samtidshistoriker Hallvard Kvale har kvessa hjernecellene sine og er klare for å legge fram tankane sine for publikum og programleiar Martha Våge. Ta med deg naboguten og bestemor og bli med på ein spanande kveld på Drammen Bibliotek!

Arrangementet er ein del av Drammen Podcastfestival 2023.

—-
Om festivalen:
📆 Merk kalenderen, den 8 og 9. november 2023 går Drammen Podcastfestival av stabelen på Hos Solveig, Drammen kulturhus og Drammensbiblioteket. Se https://www.facebook.com/drammenpodcastfestival

Detaljer

Dato:
9. november, 2023
Tid
19:00
Hjemmeside:
https://www.facebook.com/events/2192302357606793

Sted

Drammensbiblioteket
Grønland 58
Drammen, 3045 NO
+ Google-kart

Med forbehold om endringer. Besøk alltid arrangørens nettside for oppdatert informasjon  om arrangementene.